Strategiplanen får fram verdiane til KIKS, dei etiske prinsippa og delmål som skal bidra til at KIKS kan nå sitt hovudmål som er å «vere ein leiande nasjonal forvaltar av konsesjonskraftrettane». Strategiplanen har ein 4 års horisont og reviderast minst ei gong kvar styreperiode.

I strategiplanen står det at inntektene skal vere påreknelege og forutsigbare, dette blir regulert gjennom risikostrategien. Risikostrategien vedtakast av styret og gir administrasjonen instruks og rammer for korleis krafta skal omsettast på den fysiske og finansielle marknaden.

Finansreglementet syner korleis reservekapitalen vert forvalta. Reservekapital nyttast til å sørge for jamne og forutsigbare utbetalingar til kommunane.