Pressemelding - semje med Sira-Kvina kraftselskap

Sira-Kvina kraftselskap og konsesjonskraftmottakarane er etter forhandlingar blitt einige om berekninga av konsesjonskraftprisen. Forliket inneber at partane ikkje møtest i tingretten 23 januar.

Konsesjonskraft IKS tok i mai 2015 ut stemning mot Sira-Kvina kraftselskap, saman med dei andre konsesjonskraftkommunane og fylkeskommunen i Rogaland. Bakgrunnen var at ein var ueinige med kraftselskapet om korleis ein skulle berekne konsesjonskraftprisen.

Konsesjonskraftmottakarane betalar ein årleg sjølvkostpris for krafta dei mottar frå Sira-Kvina-anlegga. Prisen blir berekna ut frå totale produksjonskostnader, delt på produksjonsvolumet. Dette produksjonsvolumet blir brukt som delingsfaktor ved utrekning av konsesjonskraftprisen.

Partane er einige om å bruke gjennomsnittet frå dei siste 30 års produksjonsvolum som ny delingsfaktor. Fram til nå har ein brukt eit fast produksjonsvolum, som ikkje tek høgde for endring i produksjonsvolum ved verken våtår eller tørrår. Etter krevjande forhandlingar er partane godt fornøgde med resultatet. Vi har nå fått eit pårekneleg og godt system for berekning av konsesjonskraftprisen i framtida.

Den nye berekninga vil gi konsesjonskraftmottakarane vel 1 øre/kWh lågare konsesjonskraftpris frå 1. januar 2016, som utgjer om lag 5,5 millionar kroner i året framover. I tillegg er partane einige om at Sira-Kvina kraftselskap betalar ein kompensasjon på kr 20 millionar for tidlegare år. Det totale kravet frå konsesjonskraftmottakarane var på om lag 90 millionar tilbake til 2003.

Partane har med dette både gitt og tatt i desse forhandlingane. Samla sett er begge partane godt fornøgde med resultatet. Prosessen ein har vore gjennom, har knytt to profesjonelle partar nærmare kvarandre og styrkt det framtidige samarbeidet.

 

 

Glenn Qvam Håkonsen                                                           Brynjar Bø

Dagleg leiar Konsesjonskraft IKS                                           Administrasjonssjef Sira-Kvina kraftselskap

og leiar av forhandlingsutvalet for kommunane                                             

KONSESJONSKRAFT IKS
T: 37 93 75 00    |    Org.Nr. NO 971330937   |    post@konsesjonskraft.no

Meny Lukk