Konsesjonskraft

Det vert skapt store verdiar gjennom regulering av vassdrag og utbyggjing av kraftanlegg. Fordi lokale naturressursar vert nytta, har lokalsamfunnet rett til ein del av desse verdiane. Dette skjer mellom anna gjennom ordninga med konsesjonskraft.

Alle kraftutbyggingar som nyttar regulert vassføring må gje om lag 10 % av produksjonen til den einskilde vertskommunen og fylkeskommunen til sjølvkostpris. Denne prisen er fastsett av Olje- og energidepartementet og er for året 2014 på 10,8 øre/kWh. Dette er heimla i vassdragsreguleringslova og ervervslova, båe frå 1917.

Under stortingsdebatten i 1917 uttalte representanten Castberg mellom anna dette:

«Lovforslagene har to formaal:
Beskytte landets uavhengighet overfor utlandet.
Samfundsmessig utnyttelse og kontroll med de naturverdier det her gjelder.»

«Hjemfaldsretten er langsiktig, indløsningsretten er langsiktig, men bestemmelsen om kraftavståelse kan komme til at virke straks»

Det er denne kraftavståinga som Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder forvaltar på vegne av eigarane.

I 2014 sel Konsesjonskraftfondet 565 GWh straum. For året 2015 vil KIKS disponere om lag 880 GWh

Føresegna om konsesjonskraft er slått fast i industrikonsesjonsloven § 2 og vassdragsreguleringsloven § 12.

Meir informasjon:

Dersom ein ynskjer å følgje noko med på kraftmarknaden, kan du nytte desse lenkene

KONSESJONSKRAFT IKS
T: 37 93 75 00    |    Org.Nr. NO 971330937   |    post@konsesjonskraft.no

Meny Lukk