Faktaark - Naturressursskatt

Naturressursskatten er ein særskatt for kraftselskap med heimel i skattelovas 18-2. Naturressursskatten utgjer no til saman 1,3 øre pr. kWh, 1,1 øre/kWh til kommunen og 0,2 øre/kWh til fylkeskommunen.

Den kommunevise fordelinga av naturressursskatten byggjer på den kommunevise andelen av kraftformuen og på gjennomsnittleg kraftproduksjon i skatteåret pluss dei tidlegare 6 åra.

Bakgrunn og målsetting

Frå og med 1997 vart kraftselskap skattlagde etter nye skattereglar. Denne reforma var tufta på energilova frå 1991 og var tilpassa prinsippa i skattereforma frå 1992 for skattlegging av bedrifter og kapital.

Skatten skal sikre kommunane ein stabil del av dei samla skatteinntektene frå kraftverk. Dette byggjer på at vasskrafta er ein nasjonal ressurs med sterk lokal forankring.

Kva tyder denne skatten for kraftverka:

Det einskilde kraftselskapet kan trekke naturressursskatten med tillegg av renter frå inntektsskatten.

Dette tyder at naturressursskatten ikkje er ein eigen skatt og ikkje utgjer nokon økonomisk belastning for det einskilde kraftselskapet dersom skattegrunnlaget for inntektsskatten er tilstrekkeleg stort. Skatten kan føre til at vedkomande kraftselskap får eit mellombels auka likviditetsbehov.

Naturressursskatten kan ikkje trekkast frå inntekta.

Kva tyder denne skatten for kommunane?

Kommunane blir gjennom naturressursskatten tilordna ein del av verdiskapinga som skriv seg frå eige ressursgrunnlag. Dette utgjer i dag om lag 1,3 milliardar kroner.

Av di skattesatsen har stått uendra sidan 2000, får vertskommunane eit stadig mindre proveny. Dette fører til at Staten får auka inntektsskatteprovenyet sitt samstundes med at dei kommunane som eig kraftverket får eit høgare utbytte.

Naturressursskatten er og ein del av inntektssystemet. Denne samordninga fører til at naturressursskatten vert fordelt på alle kommunane i landet inklusive eigarkommunane.

Kva slag skatt er dette?

Dette er i røynda ei særordning av di naturressursskatten er kommunanes del av inntektsskatten. Det einskilde kraftverket kan ikkje trekke denne skatten frå inntekta, men skatten kan i staden trekkast frå inntektsskatten. Skatten skal sikre kommunane ein stabil del av dei samla skatteinntektene frå kraftverk.

Korleis har skatten utvikla seg frå 1997?

Dersom ein ser vekk frå ein auke på 0,1 øre/kWh i 1998, har skattesatsen stått uendra. Dette har ført til at realverdien av denne skatten har gått monaleg ned for kommunane medan staten stadig får ein større del av kraftverksskatten.

 

Valle, 12/2 2013

KONSESJONSKRAFT IKS
T: 37 93 75 00    |    Org.Nr. NO 971330937   |    post@konsesjonskraft.no

Meny Lukk