Faktaark - Konsesjonskraft

Heimel

Vassdragsreguleringslova og ervervslova, båe frå 1917.

Kven gjeld ordninga?

Eigarar av større kraftverk pliktar å levere ein del av krafta som vert produsert til dei kommunane som stiller magasin, fallhøgde og tomt til rådvelde.

Kva kostar konsesjonskrafta?

For all konsesjonskraft som vert levert i medhald av konsesjonar gjevne etter 10/4 1959 fastset Olje- og energidepartementet kvart år ein sjølvkostpris - for 2013 er denne fastsett til 10,86 øre/kWh.

Prisen inkluderer driftskostnader, renter og nedskriving, skattar og avgifter. Overskottsskatten og naturressursskatten er ikkje ein del av sjølvkostutrekninga.

Kven reknar ut mengda?

Det er NVE som reknar ut mengde og fordeling til dei kommunane det gjeld, eventuelt fylkeskommunen.

Denne utrekninga står som regel fast i heile konsesjonsperioden.
Utrekningsgrunnlaget har nemninga netto innvunne kraftauke og er rekna ut i naturhestekrefter; dette grunnlaget vert fordelt slik:

48,5% til magasinkommunen, 48,5% til fallkommunen og 3% til kraftverkskommunen.

Krafta skal leverast frå den dagen produksjonen startar og samla kvantum utgjer i snitt om lag 7 % av gjennomsnittleg årleg produksjon.

Samla konsesjonskraftmengde i Noreg utgjer om lag 8500 GWh pr. år. 1 GWh = 1 million kWh.

Retten til konsesjonskraft gjeld vatn som vert regulert eller overført.

Kva med konsesjonar gjevne etter vassressurslova?

Desse konsesjonane har ikkje vilkår om levering av konsesjonskraft, men dersom vedkomande kraftverk nyttar tidlegare gjevne reguleringskonsesjonar eller ervervskonsesjonar, skal kraftverket likevel levere konsesjonskraft.

Kor mykje konsesjonskraft tek Konsesjonskraftfondet ut kvart år?

Konsesjonskraftfondet tek ut konsesjonskraft frå 34 kraftverk i 5 vassdrag - til saman pr. i dag 563 GWh.

 

Valle, 12/2 2013

 

For nærare opplysningar, sjå heimesida til NVE:
www.nve.no/no/konsesjoner/vannkraft/konsesjonskraft

KONSESJONSKRAFT IKS
T: 37 93 75 00    |    Org.Nr. NO 971330937   |    post@konsesjonskraft.no

Meny Lukk