Faktaark - Konsesjonsavgift

Heimel

Vassdragsreguleringslova og ervervslova, båe frå 1917 og vassressurslova frå 2000 (for kraftverk med ein produksjon på over 40 GWh pr. år).

Kven gjeld ordninga?

Kraftverkseigarane pliktar å betale ei årleg avgift til staten og dei kommunane som kraftutbygginga gjeld. Kraftverkseigarane kan og påleggjast å betale næringsfond til desse kommunane.

Konsesjonsavgifter er ein kompensasjon til kommunar for skader og ulemper av ålmenn karakter. Avgifta gjev kommunane ein del av verdiskapinga i kraftverket/kraftverka. Både fallkommunar, overføringskommunar, magasinkommunar og kommunar som har ikkje-utbygd elvestrekning nedstraums vedkomande kraftverk får konsesjonsavgifter.

Kva for satsar gjeld?

Avgiftssatsen vert fastsett i konsesjonsvilkåra. Avgiftssatsen vert indeksjustert automatisk ved første årsskifte 5 år etter at konsesjonen vart gjeven og deretter kvart 5. år. Konsesjonsavgiftene skal og takast opp til ny deling kvart 10. år.

Døme på avgiftssatsar pr. i dag:

Konsesjon av 19/7 1930 - Ytterlegare regulering Fyresvatn m.v. i Arendalsvassdraget kr 59,12 pr. naturhestekraft. (sist regulert 2009)

Konsesjon av 1/8 1969 - Regulering av Eptevatn / Homstølsvatnet i Tovdalsvassdraget kr 22,79 pr. naturhestekraft. (sist regulert 2009)

Dette er høgaste og lågaste sats for konsesjonar i Aust-Agder fylke pr. i dag.

Kven reknar ut mengda?

Det er NVE som reknar ut mengde og fordeling. Mengda vert rekna ut i naturhestekrefter og er lik grunnlaget for utrekning av konsesjonskraft.

 

Valle, 12/2 2013

 

Vil du vite meir om konsesjonsavgifter gå inn på heimesida til NVE:
www.nve.no/no/konsesjoner/vannkraft/konsesjonsavgifter

KONSESJONSKRAFT IKS
T: 37 93 75 00    |    Org.Nr. NO 971330937   |    post@konsesjonskraft.no

Meny Lukk