Faktaark - Eigedomskatt på verk og bruk

Heimel

Eigedomsskatt er heimla i lov om eigedomsskatt til kommunane av 30/5 1975 nr 18. Reglane om verdsetjing finst i skattelova av 26/3 1999 nr 14 § 18-5. Både kraftliner og produksjonsanlegg er definert som verk og bruk.

Kven gjeld ordninga?

Alle kommunar som har kraftliner og kraftanlegg innafor eigen kommune kan skrive ut eigedomsskatt på verk og bruk.

Kva for satsar gjeld?

Kommunane kan nytte satsar frå 2 til 7 promille av takstgrunnlaget. For 2013 er det fastsett ein minimumsverdi på kr 0,95 pr./kWh og ein maksimumsverdi på kr 2,74 pr. kWh for kraftproduksjonsanlegg. Det er gjennomsnittet av produksjonen dei siste 7 åra som skal leggast til grunn. Dersom kraftverket har vore i produksjon i kortare tid, er det snittet i denne kortare årrekkja som skal leggjast til grunn.

Kapitaliseringsrenta for 2013 er fastsett til 4,5 prosent.

 

Valle, 12/2 2013

 

Vil du vite meir om eigedomsskatt gå inn på heimesida til LVK:
www.lundogco.no/no/LVK/fagomrader/eigendomsskatt

og inn på lovdatabasen: www.lovdata.no

KONSESJONSKRAFT IKS
T: 37 93 75 00    |    Org.Nr. NO 971330937   |    post@konsesjonskraft.no

Meny Lukk